Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoribarnehage Snåsa Montessoriforening


Arne Lyngstad vitja Snåsa Montessoriskole

Onsdag 3 april fekk Snåsa Montessoriskole besøk av stortingsrepresentant Arne Lyngstad. Lyngstad har også tidlegare vist interesse for skulen og ville no sjå nærare på prosjektet.

Engasjementet imponerte

Lyngstad som representerer regjeringspartiet KrF i Stortingets undervisningskommite, møtte leiarane i skulestyret og foreningsstyret for å få informasjon om ulike sider ved oppstartinga av Snåsa Montessoriskole. Han var særleg interessert i prosessen vi hadde vore gjennom, og var spent på korleis tiltaket var bitt møtt i bygda elles.

Det som imponerte Lyngstad spesielt var det store engasjementet foreldre og grendefolk har vist i arbeidet. Han likte også godt at skulen så klart har profilert seg som ein skule for heile bygda, og ikkje berre som ein grendeskule. Lyngstad mente at folk utanfor har merka seg positivt at Montessoriskolen kjem, og trudde at dette ville få mykje å seia for marknadsføring av Snåsa. 

Satsing på privatskular

Lyngstad fortalde også at regjeringa planlegg ei satsing på privatskular framover. Konkret nemnde han mellom anna at dei går inn for å heva statstilskottet frå dagens 85% av gjennomsnittskostnadane pr elev på landsbasis til 90%. Dei vil også gjera tilgjengeleg midlar som etter søknad kan brukast til større investeringar i materiell og læremiddel. Statstilskottet vil truleg bli auka forholdsvis snart, medan  materialstøtte er planlagt innført i år 2004.

Det skal også bli lettare å få godkjenning for å starta opp privatskular, og handsamingstida for søknader skal bli vesentleg kortare.

Interessert i kontakt

Elles inviterte Lyngstad til kontakt framover, både når det gjeld innspel og kommentarar på skulepolitikk generelt, og på saker som går meir spesifikt på vår skule.

Vi takkar for interessa Arne Lyngstad har vist oss, og ynskjer han velkommen attende når vi har kome i gang med sjølve skuledrifta.