Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoribarnehage Snåsa Montessoriforening


Vaskedugnad på skulen

Sanitetskvinnene i Øverbygda tok før julestria initiativet til vaske- og ryddedugnad på Montessoriskulen. Snåsa Montessoriforening er evig takknemlig!

Ingebjørg Aunsmo, tidlegare lærar ved Agle Skole vaskar taket i gamleklasserommet sitt.

Ikkje vaska

Då siste eleven var ute av Agle skole våren 2001, var det mange som vart nedslått over at skulen ikkje vart rydda og vaska. Det såg mildt sagt ikkje særleg hyggeleg ut. Heller ikkje det flotte uteområdet som foreldra har arbeidt opp på fritida si, vart vedlikehalde av kommunen. Dette var trist. Etter kvart tok enkelte av foreldra til å gje uteområdet eit visst minimum av stell, men inne i bygningane var forfallet i gang.

Skulen tømt

Den neste slaget kom då kommunen utpå hausten gav dei andre skulane og barnehagar i Snåsa, fritt fram til å tømma anlegget for inventar. Vi hadde bedt kommunen om å syna litt velvilje ved å la deler av inventaret stå att, men dette vart avvist. Berre det som var gitt av foreldre, Saniteten og andre som klart gav uttrykk for at dei ville at gåvene skulle vera att på skulen vart spart, i tillegg til ein del ukurant skrot. Vi har forståing for at kommunen i tronge økonomiske tider vil ta vare på sine verdiar, men hadde likevel håpa at dei ville omsetja i praksis litt av det dei seier i fine festtalar om at dei set pris på initiativet vårt. V i hadde dessutan inntrykk av at mykje av det som vart fjerna ikkje nødvendigvis var så sterkt etterlengta dit det kom heller. Eit håp kan likevel vera at ordføraren vår etter i kommunestyret å ha blitt konfrontert med denne heller ufine måten å "hjelpa" oss i gang på, lova at kommunen vil hjelpa oss med å skaffa nytt utstyr når dei får vita kva vi treng. Denne utsegna sette vi pris på, og har tenkt å ta kontakt med administrasjonen på nyåret.

Leiar Astrid Viem og dei andre sanitetskvinnene i Øverbygda gjorde ein kjempejobb!

Saniteten trør til

Med kjensla av å jobba litt i motvind i forhold til kommunen, er det difor ekstra hyggeleg når grasrota, i dette tilfelle representert ved sanitetskvinnene i Øverbygda, tilbyr seg å vaska og rydda skulebygget på dugnad. 6 kvinner, forsterka med 4 medlemmer i Montessoriforeninga, vaska og rydda i første etasje. Det lukta grønsåpe og nytrekt kaffi i gangane, og resultatet var upåklageleg. Hjarteleg takk damer!