Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoribarnehage Snåsa Montessoriforening


 

ved Bjørn Ness, leiar

Bakgrunn

Våren 2000 kuliminerte ein mangeårig strid i Snåsa med at Agle skole med ca 35 elevar, vart lagt ned. Det som særprega skulen var eit svært engasjert og godt miljø, samt uvanleg stor vilje til dugnadsinnsats blant foreldre og lærarar. Dette resulterte mellom anna i gode og kreative opplegg i undervisninga, meiningsfulle ekskursjonar og eit svært godt opparbeidd uteområde.

Vedtaket om nedlegging var difor eit hardt slag mot lokalmiljøet, og betydde mykje meir enn berre tap av ein skule.

Ideen om å starta Montessoriskule på Snåsa vart lufta på eit folkemøte på Agle den 26/6 2000. Stemninga var positiv, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greia ut ulike sider ved ideen. Det vart understreka på møtet at ein eventuell Montessoriskule skal vera eit pedagogisk alternativ til den offentlege skulen, og at den skal vera open for alle interesserte på Snåsa.

Målet for arbeidsgruppa var å leggja arbeidet fram på eit ope folkemøte seinare på sommaren, der det skulle avgjerdast om arbeidet skulle førast vidare.

Folkemøte og skiping

Folkemøtet vart halde på Snåsa Hotell 31/8. Omlag 60 interesserte møtte fram.

Bodil Jenssen Houg frå Oslo Montessoriskole gav ei klar, realistisk og inspirerande innføring i Montessoripedagogikken, og gav oss mange gode råd om det å starta opp.

Kommunen ved oppvekstsjef Terje Sundli informerte om følgjer for kommunen av oppstart. Hovudkonklusjonen var at etablering av ein Montessoriskule på Snåsa ikkje vil verka negativt inn på økonomien i skulesektoren elles, og at Snåsasamfunnet sett under eitt høgst sannsynleg vil tena på det.

Hovudkonklusjonen til dei omlag 60 frammøtte var at arbeidet måtte førast vidare.

På bakgrunn av dette vart det kalla inn til skipingsmøte på hotellet den 11/9, der Snåsa Montessoriforening formelt vart skipa. 34 personar teikna seg som medlemmer, og eit styre vart valgt.

Dei viktigaste mandata til styret vart å arbeida ut og senda ein søknad om godkjenning av skulen, leggja fram forslag til vedtekter og å kalla inn til årsmøte.

Søknaden

Arbeidet med søknaden vart omfattande, og vi måtte venta lenger enn vi hadde håpa på nødvendig informasjon for å kunna gjera arbeidet ferdig. Den 22/11 var søknaden ferdig og dagen etter vart den sendt til Kirke- undervisnings- og forskingsdepartementet (KUF). Samstundes fekk også Snåsa kommune og Statens utdanningskontor overlevert eitt eksemplar kvar.

Sakshandsaming i kommunen

Av ulike årsaker fekk ikkje kommunen saka klar til handsaming i formannskapet før 1. februar.

Eit forslag til vedtak frå rådmannen samt eit frå skulesjefen, som begge var relativt negative, vart då forkasta, medan eit meir positivt forslag frå Vigdis Hjulstad Belbo einstemmig vart vedteke. Dagen etter gjekk dette vedtaket til KUF, med atterhald om godkjenning i kommunestyret.

Vedtaket i formannskapet gjekk så til sektorutvalg for oppvekst og kultur, som oppfatta det som for positivt, og forkasta det med 3 mot 4 stemmer.

Etter Montessoriforeninga si meining, kunne sakspapira til innstillinga til vedtak frå kommunen med fordel lagt meir vekt på dei positive moglegheitene ved ein Montessoriskule, og fokusert mindre på moglege ulemper. Vi fann dessutan nokre misforståingar og direkte feil. Styret sende difor eit skriv til samtlege medlemmer i kommunestyret, der vi kommenterer saka sett frå vår side.

Den 22. februar kom saka opp i kommunestyret, som vedtok den positive instillinga frå formannskapet med 18 mot 3 stemmer.

Vedtaket i kommunestyret har lite å seia for den vidare sakshandsaminga i KUF og for utfallet av denne, men vi såg det som svært viktig at saka skulle bli rett oppfatta og handsama lokalt. Dette fordi vi har sett det som eit mål at prosjektet vårt skal verka positivt og samlande for bygda, og fordi vi er avhengige av å dra lasset saman på alle område i framtida.

Historia vil halde fram ...