Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoriskole

Snåsa Montessoribarnehage Snåsa Montessoriforening


Snåsa Montessoriskole er godkjent!

Endeleg, fredag 9. november, elleve og ein halv månad etter at søknaden om godkjenning vart sendt, kom brevet frå Det Kongelige kirke-, utdannings- og forskningsdepartement (KUF); Snåsa Montessoriskole er godkjent.

På vegen frå oss har søknaden vore innom for vurdering i Snåsa kommune, Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag og til sist i Departementet. Departementet har i sin tur sendt den til diverse faglege utval som har saumfart alle sider ved skuleopplegget, og komme med sine kommentarar og instillingar til KUF.

Som vi veit, vedtok Snåsa kommunestyre 22/2 å senda ei positiv anbefaling til Departementet. Statens utdanningskontor gjorde det same den 13/3.

I vedtaket frå Departementet heiter det blant anna:

”…Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet imøtekommer søknaden fra Snåsa Montessoriforening om godkjenning av Snåsa Montessoriskole etter privatskoleloven, jf. Privatskoleloven § 25 nr.3.
Skolen godkjennes for klassetrinnene 1 – 7 og for inntil 60 elever. Skolen vil kunne motta tilskudd for det faktiske antall elever ved skolen til enhver tid. Med forbehold om resultatet av Stortingets budsjettbehandling, kan skolen få tilskudd fra og med skoleåret 2002/2003…”

Søknaden vår var med alle vedlegga på omkring 400 sider, der alt frå inntaksreglement til detaljerte planar i kvart enkelt fag var skildra. Departementet hadde ingen vesentlege merknader til innhaldet, men peika på nokre detaljar i reglementet som burde endrast på. Dette vil bli gjort med det fyrste.

Denne godkjenninga markerer slutten på ei lang tid med venting. Alle signal har gått i retning av godkjenning, men det er fyrst no vi kan seia at det blir oppstart av Montessoriskule på Snåsa frå og med hausten 2002.