39 søkjarar til Snåsa Montessoriskole!
Så langt har Snåsa Montessoriskole fått 39 søkjarar. Skulen har plass til 60 elevar, så det er framleis god plass.
Dette er godt i overkant av det vi planla med for kommande skuleår, og er svært gledeleg. Kor mange elevar som tek imot plassen sin, står enno att å sjå, men søkjartala fortel uansett at interessa er stor og at det går rette vegen for skulen vår.
Foreldrebetaling
Foreldra vil i desse dagar motta brev frå skulen, der dei blir bedt om å gje melding til skulen innan 22. april dersom dei ikkje tek imot plassen. I motsett fall vil vi at plassen blir bekrefta ved at det blir betalt inn skulepengar for to månader på forskot innan 15. mai. Satsane pr månad er kr 600,- for første barn og kr 300,- for barn utover dette frå samme familie. Beløpet kan betalast inn til konto 4476 06 29100. Hugs å merkja innbetalinga med navnet til barnet!
Som alle forstår har ikkje Snåsa Montessoriforening all verden med kapital å rutta med no før statstilskotet blir utbetalt. Vi har derimot store kostnader som ligg og ventar, og dette blir no stort sett dekka inn ved hjelp av private lån. Vi er difor glade for alle som ser seg råd til å betala inn skulepengar så snart dei kan.
Vi kjem også med det første til å senda ut oppfordring om å betala inn andelar i foreninga, for dei som ynskjer å vera medlemmer (sjå vedtektene for foreninga). Til opplysning kan alle, også dei som ikkje barn i Snåsa Montessoriskole, bli medlemmer.